Nye bilder | ||
Fotoklubben har stand på VillmarksmessaEtne. Det står ikkje folk på standen heile tida, men det ligg visittkort der som folk kan forsyne seg med og informasjon om klubben. Standen er sponsa av VillmarksmessaEtne og vi får stå der gratis, og vegg til å henge foto på har vi fått lånt av Etne bibliotek.
Det hadde vore gøy visst mange frå fotoklubben kan stilla opp på dette…
Les meir om dette her: Konkurranse
Det blir møte i Etne og Vindafjord fotoklubb 12. april klokka 19.00 på Bygdasenteret i Ølensvåg. Alle er hjerteleg velkomne. Dersom du har bilder som du vil visa oss, så ta med på minnepinne eller harddisk, maks 5 bilder. Om du berre vil sjå på andre sine bilder, er du velkomen til det
Siste helga i april er det villmarksmesse i Etne. Fotoklubben skal ha stand. Har du foto av fuglar, dyr, landkskap eller liknande som du trur kan passe for standen?
Det blir møte i fotoklubben torsdag 8. mars kl. 19 på Bygdasenteret i Ølensvåg.
Fotoklubben skal saman med VillmarksmessaEtne2012 arrangere fotokonkurranse med tema Villmark. Tema for dette møtet er difor villmarksfoto, ta med så mange du vil. Sjå info om konkurransen under!
Årsmøtet, som var den 9.02.2012, valgte nytt styre for fotoklubben. Asgeir Sørhus, Steinar Sørhus og Annbjørg Bue sa ja til å fortsette i styret og vart gjenvalgt.
Styret konstituerte seg på årsmøtet.
Etne fotoklubb starta opp i april 2010. I februar 2011 vart det første styret konstituert (fram til den tid har klubben vore drifta av eit interimstyre).
Fotoklubben skal samarbeide med Villmarksmessa i Etne, som er den siste helga i april, om å arrangere fotokonkurranse med tema Villmark. Dommer er Espen Mills. Tema for neste møte i fotoklubben blir derfor Villmark. Vi kjem tilbake med meir informasjon.
Det blei så liten respons med nominering og avstemming på desse fotokonkurransane at eg ser ikkje vitsen i å fortsetja.
Ein gong i veka trykker Gannar eit foto på baksida av avisa. Alle som vil kan sende inn foto. Om du sender inn foto kan du også nevne at du er med i Etne og Vindafjord fotoklubb. Dette vil i såfall bli skrevet under biletet og kan gi fin reklame til klubben.
Etne bibliotek skal flytte inn i det nye Skakkebygget og inviterer Etne og Vindafjord fotoklubb til å stille ut inntil 9 foto med tema “VINTER”. Fotoa skal henge oppe i 1 månad. Om du har foto som du trur kan passe til utstillinga kan du enten laste dei opp på sida vår her på origo, eller ta dei med til neste møte i fotoklubben som er den 12. januar. Fotoa vil bli lagt inn i A3-rammer og merka med navnet til fotografen og namnet til klubben. Alle fotoa skal ha ein tittel og kan vere frå heile landet. Dette er ei fint høve for klubben til å bli meir synleg.
Fototur: laurdag 15. oktober 2011.
Eg ber medlemmene og andre ineresserte sjå på forslag til tur på Internforum.
Torsdag 8. september kl. 19.00 på Bygdasenteret i Ølensvåg. Ta med inntil 5 av dine eigne foto. Tema er sommarminne. Alle er velkomen!
På oppfordring frå Anita har eg laga ein uhøgtidleg konkurranse. Den ser under fana “Avrøystingar”.
Eg lure på om det er mulig å få te fotokonkurranser, enten her på nettet eller på møtene? Ser at mange andre har det, å syns det hadde vore kjekt om me kunne hatt det,er det mulig?
Leiar av fotoklubben Torbjørn Vik Lunde skal til Oslo for å gå på skole i haust og kan difor ikkje fortsette som leiar. På styremøte den 11. august vart det difor bestemt at nestleiar rykker opp som leiar og første vara opp som fast medlem i styret.
Hadde vore kjekt med ein fotoskanner for negativ film, så ein kunne ta vare på gamle foto…………..
Tips : nå er det enklare å bruke raw filformat til foto….
Torsdag 11. august 2011 klokka 19.00 på Bygdasenteret i Ølensvåg.
Ta med inntil 5 av dine eigne foto for visning. Alle er velkomen!
Denne origosona er ei sone for medlemmer av Etne og Vindafjord fotoklubb og andre fotointeresserte. Meir om sona
Etne og Vindafjord fotoklubb er ei sone på Origo. Les meir